Mens noen (ego) skal snakke om Dommedag til bokhandlere i Trondheim, skal andre snakke om Lovecraft i Bergen. Nærmere bestemt Didrik Søderlind på Absalong i kveld, klokken 19: Absalong vender attende til ein av det 20. århundrets viktigaste litterære skikkelsar og våre inspirasjonskjelder; Howard Phillips Lovecraft (1890-1937). Av eit aukande antal ekspertar vert Lovecraft rekna […]

Mens noen (ego) skal snakke om Dommedag til bokhandlere i Trondheim, skal andre snakke om Lovecraft i Bergen. Nærmere bestemt Didrik Søderlind på Absalong i kveld, klokken 19:

Absalong vender attende til ein av det 20. århundrets viktigaste litterære skikkelsar og våre inspirasjonskjelder; Howard Phillips Lovecraft (1890-1937). Av eit aukande antal ekspertar vert Lovecraft rekna som det 20. århundrets viktigste skrekkforfattar, og blant dei viktigste litterære framtoningane i det førre århundret. Innflytinga han har hatt på populærkulturen er enorm i forhald til merksemda han fekk både før og etter sin død. Eit bibliotek av skrekkfilmar og musikk er basert på universet han skapte, som vart døpt Cthulhu-mythoset, etter hans mest minneverdige skapning (vi viste filmatiseringa av The Call of Cthulhu hausten 2007). Innanfor litteraturen har han vore ei innflyting på menn som Stephen King, Clive Barker, Neil Gaiman og Jorge Luis Borges for å nemne nokre få, og han var ein lærarskikkelse for menn som Robert E. Howard, skaparen av Conan, og Robert Bloch, forfattaren av Psycho. I filmverda er lista lang over filmskaparar, filmar og seriar som har latt seg inspirere – med og utan hell – av denne mannen. Vi ønskjer nok ein gong å belyse kvifor.

Forutsatt at lille Dille har latt seg lime sammen etter siste sykdomsutbrudd blir det altså skrekkelig tentaklete i Bergen. Cthulhu fhtagn!
(Og for oss som ikke kan, er denne lille søtsaken en bitteliten trøst.)