Torgeir Holen har skrevet en morsom sak om hvordan unngå å bli lurt – Generell Bullshit Detektor.

av Torgeir Holen


Når ein ferdast i vår kompliserte og uoversiktelege verd må ein vera utstyrt med godt utstyr. Overalt støyter ein på påstandar som ved fyrste blikk ser rimeleg ut. Når ein ei lang stund seinare oppdagar at ein har blitt lurt blir ein sjølvsagt litt sur. Det er med stor glede at SkeptikerNytt kan tilby ein Generell Bull-shit Detektor (GBD)™. Med denne kan du trygt gå til både akademiske høgder, tabloidsumpar og alternativ-junglar utan frykt. Berre tenk over følgjande 12 punkt når du får servert noko. Etterpå kan du øva deg på SkeptikerNytt sin Test Deg Sjølv.

Trust no one – the bullshit is out there!

  1. Fyrst må ein akseptera at det er eindel pisspreik der ute.

    Enkelte meget hyggelege, men nokså naive menneske kan koma til å stola for mykje på sine medmenneske. Om det var så mykje løgn der ute, ville vel fleire folk seia frå, ikkje sant? Desverre! Men etter utallige forsøk for å endeleg få sjå denne frimerkesamlinga som folk lovar seint nattestid, så vil ein bli meir kynisk…

  2. Kvar kjem påstanden frå?

    Når tobakksindustrien i 30 år har påstått at røyking ikkje er vanedannande og at røyking ikkje er skadeleg så bør ein kanskje ta deira påstandar med eit lite saltraffineri. Folk har ofte interesse av å bli trudd, og då er det lov å stilla seg tvilande. Søk alternative utalelsar. Når Klassekampen spår at revolusjonen er like rundt hjørnet så bør ein konsultera Aftenposten.

  3. Kva er det semantiske innhaldet?

    Mange påstandar er fulle av lange ord som ikkje har nokon eigentleg meining eller nokon samanheng. Når Thorbjørn Jagland tar til etterretning at Arbeiderpartiet vil halda AS Norge på stø kurs mot Det Norske Hus, så er dette det vi kan kalla svada. Når nokon snakkar om multidimensjonale kvantemekaniske faseovergangar som kan potensera vatn og helbreda alt frå kreft til nervøsitet før tippekampen så er det og fare på ferde.

  4. Autoritetar tar feil!

    Professoren sa det, så då må det vera sant? Vel, autoritetar har tatt feil før. Faktisk så finnes det ingen autoritetar, berre ekspertar. Dessutan har ekspertar ein fæl tendens til å uttala seg om felt som dei ikkje er ekspert på medan dei samstundes krever kred for sin ekspertstatus på eit anna felt. Når folk byrjar å appellera til autoritetar er det fare på ferde. Mennesket har ein tendens til å følgja leiarapen i flokken. Dette er ein tendens ein må vera klar over. Einstein sa eingong at ein ikkje treng hjerne for å marsjera og ropa i flokk, men han kan ha tatt feil… Hugs at autoritetar og tar på seg buksene eit bein av gangen!

  5. Svart på Kvitt er skrive av menneske

    No påstår faktisk enkelte påstår at bibelen er skrive av Gud, men då kan ein jo spørra dei kven som fortalde dei dette. Neppe ein buddhist! Folk har stor respekt for det skrivne ord. Ta til dømes dette her med visittkort. Når det står på kortet at ein er journalist så slepp ein inn på utestader. Om ein fortalde at ein var journalist ville utkastarane berre ha flirt. Onde tunger forklarar dette med at utkastarane ikkje kan stava ord med meir enn to stavelsar. Hugs berre at trykksaker er billig i dag. Kven som helst kan få tak i ei datamaskin og ein skrivar. Du sit og les i ei avis som er drive av ein gjeng amatørar. Trur du på det eg skriv? Dust! Har du ikkje lært noko av punkt 1-3? Gå til punkt 7.

  6. Multiple hypotesar

    Dersom du lagar fleire enn ei hypotese så er det større sjangse for at ein av dei er i nærleiken av sanninga. Tenk deg ei typisk Dagblad-overskrift: «87-åring fødte 8 år gamalt barn!!!» Multiple hypotesar er her at (a) 79 åringar har eit OK sexliv, (b) Nokon bytte om på barna på fødestua, (c) Typografen har bytt ut «månadar» med «år», (d) Heile historien er sprøyt for å få opp Dagbladet sine opplagstal, (e) Gamla har hatt sex med ein avskyeleg snømann. Ein av desse hypotesane burde vera litt nærare sanninga enn dei andre.

  7. Du tar feil… ofte!

    Dette bør søkkja inn. Ikkje bli for glad i teoriar og idear berre fordi dei er dine. Ikkje sit og forsvar julenissen berre fordi foreldra dine var overbeskyttande. Trur du på julenissen sa du? Vel, gå opp att til punkt nr. 1. Dersom du har ei frimerkesamling så kan du selja ho…

  8. Kvantifiser og konkretiser

    Når du ved ein slags naturleg seleksjon skal velja ut den hypotesen som er best av alle dine multiple hypotesar, kan det hjelpa å ha ein målbar, kvantifiserbar eigenskap ved hypotesane dine. Dersom du no oppdagar at nokre av hypotesane dine ikkje kan testast så har du eit problem. Eit anna godt triks er å nytta Occam sitt barberblad: Fjern dei delane av hypotesane som ikkje er strengt tatt naudsynt. Alle ting må vera så enkle som råd er, sa gamle Albert E, og held fram med, …men heller ikkje enklare!

  9. Statistikk er ikkje alltid løgn

    Halvparten av alle nordmenn er under normalt intelligent. Dette kan vera deg, men ikkje støtt eit politisk initiativ til å forbedra grunnskulen av den grunn. Om matematikk skal seia noko om den verkelege verda så må ein skjøna samanhengen, både mattedelen og korleis fenomenet er blitt kvantifisert. Logikk og matematikk kan ta feil. Alle steg i ei logisk rekke må stemma, ikkje berre mesteparten av dei. Ein typisk feil er å misforstå korrelasjon med årsak. Berre fordi to fenomen opptrer saman treng ikkje det tyda at det eine forutsakar det andre. Dei kan til dømes ha same (skjulte) årsak.

  10. Det som høyres bra ut treng ikkje vera sant…

    Dette heng litt saman med punkt 1 og punkt 6. Folk er ute etter å overtyda deg. Reklamefolk må påverka deg til å kjøpa produkta deira. Politikarar må bli valde. Journalistar vil tena pengar. Ikkje undervurder dugleiken til desse. Du er ofte eit lett bytte. Dei appelerer til dine djupe ynskjer og overtru. Lat deg ikkje bli lulla inn i søte ynskjedraumar. Sjølvsagt er du ein tøff, smart opprørar som aldri ville lata deg lura. Men det har hendt før at slitne opprørarar slo seg til ro med den fyrste guruen som endeleg sa akkurat det opprøraren eigentleg ville høyra. Ofte gjere innsikt vondt, men du er i det minste vaken og levande i ei spanande verd.

  11. Tenk sjølv…

    Du meiner å ha ikkje høyrt dette før? Godt! Denne klisjeen er ein av dei mest misbrukte i vår postmodernistiske kvardag, men illustrerer her eit lite poeng. Dersom du visste at mange kvinner hevda å ha vorte bergtakne i gode gamle dagar så ville du kanskje få eit lite perspektiv på dei påståtte UFO-bortføringane som skjer kvar dag over heile verda. Dersom du visste meir om hekseprosessane på 1500-1700 talet ville McCarthytida i USA bli meir forståeleg. Dersom du visste kvifor Vlad The Impaler er ein nasjonalhelt i Romania ville du forstå korleis vampyrhistoriar oppstår. Folkloristikk, basal menneskeleg psykologi og historie er essensielle reidskap sjølv for kvantitative realistar.

  12. Ein kan ikkje vera skeptisk til å vera skeptisk

    Når ein fyrst er blitt skeptisk så medfører det eit paradoks å freista å verta skeptisk til desse dogmatiske skepsisideane. Jamfør «tenk sjølv!» No er det faktisk enkelte som spelar naive då dette gjev fleire fordeler. Men har du fyrst vakna opp til dei harde kalde realitetar så er det vanskeleg å sovna att.