Artikkel

Mitt synske eventyr

Kari Coleman, amerikansk skuespillerinne, forteller her om en rolle hun hadde som synsk, hvor lett det var å få folk til å tro, og hvordan det hele kom ut av kontroll.


» Last ned PDF-versjon av denne artikkelen

av Kari Coleman


Eg må berre innrømma at mi tid som skeptikar er over, fordi eg – overraskande nok – er synsk. Ja, det er vanskeleg å tru, men du må berre lata deg sjølv bli dratt med og bli eitt med dine mentale krefter, slik eg gjorde i går kveld. Vel, det, eller bli leigd inn til å spela ei rolle som synsk og bli sjokkert over kor lett det er å få folk til å tru.

Eg tar nokre rollar no og då for Penn & Teller Sin City Spectacular (det meste skeptiske program på TV) og eg trengte å kunne lura folk med kort, trylletriks og andre «mentale» talent. Cæsar’s Magical Empire, eit større Las Vegas etablissement, let meg jobba i rolla som ein synsk tarotkortlesar sånn for å gje meg litt trening. Å, du anar ikkje!

Eg var kledd opp i deira «Spurina»-kostymet: Ei bølgjande purpurdrakt med innebygde bryst som gav meg meir kløft enn det eg pleier å kunne framvisa, ein slik svart Las-Vegas-oppfatning-av-Kleopatra-parykk og masse sminke. (Eg skulle vera den synske rådgjevaren til Cæsar og frå kostymet å døma så naut han godt av meir enn berre mine «krefter».) Eg skulle i utgangspunktet enten bare vandra rundt eller jobba ved ein av borda i spiritismebaren, men eg enda opp med å jobba i sentrallobbyen attmed det pyrotekniske showet: Timetersflammar, tre unge magikarar i strømpebukser. Og meg.

Eg var nervøs. Eg freista vandra rundt ei stund ei stund med mine tullete tarotkort i hendene medan eg repeterte mine memoiriserte fraser samstundes eg freista hugsa kva eg hadde funne ut om desse korta, slik om eg trefte nokon som hadde lest ei bok på Tarotkort. For mine førebuingar hadde Jamy Ian Swiss, tryllekunstkonsulenten for Penn & Teller, sendt meg ein haug med materiale på kaldlesing. Psykolog og den omvendte hand-lesar-blitt-skeptikar Ray Hyman gav meg eindel ekspertråd over telefonen. Tilslutt så rynka eg meg på nasen gjennom ein video om James Van Praagh – ein fyr med direkteline til Himmelen og eit totalt rasshol – som eg hadde fått av Sceptic Magazine-utgivar Michael Shermer.

Førebuing

Eg hadde gjort ein del lesing – om ikkje synsk lesing – for å runda av førebuinga. Den vanskeligaste delen med heile denne greia var å gå til ein newage – visste du det rimar på sewage? – bokhandel. Eg kjøpte nokre tarotkort, så gjekk eg til bruktbokavdelinga og plukka opp nokre bøker på handlesing, tarot, astrologi og grafologi slik at eg skulle kunne lingoen. Bhodi Tree Bookstore gjere meg trist. Det er ein plass fylt av sløvt utsjåande taparar. Og der var eg og kjøpte drit i lag med dei. Det ville vore så fint om alle dei andre og var der for å førebu seg før ein Penn & Teller-episode, men eg trur neppe det. Æsj. Eg måtte dra heim og dusja.

Korta fortel ein historie

Så var det på tide å få på seg sminke og polstra BH på Magical Empire Eg sat meg ned, spreidde ut korta og freista sjå ut som eg var allvitande. Ein av guidane brakte over min fyrste «klient». Hjarte mitt var nær ved å bresta, og eg sveitta der i Spurinapolstringa mi. Kvinna sette seg ned, og eg gjekk i gong med mi lille akt medan eg granska ho grundig. Eg sa alt dei der greiene som får dei til å hjelpa og som gjev meg ein unnskyldning når eg tar feil, slik som: «Korta fortel meg ein historie. Eg mottek bilete og inntrykk som ikkje vil bety noko for meg, men som kanskje er særs viktig for deg. Om du forblir open, då kan vi utforska dei saman og skaffa oss innsikt i lagnaden din.» Så held eg fram med dei vanlege utsagna som passar for alle.

Ho var med. Eg kikka på ho og for ein eller annan grunn så såg ho for meg ut som ein sjukepleiar. Eg hadde ein zilliard unnskyldningar dersom eg tok feil, så eg tok ein sjanse og spurte ho om ho var ein sjukepleiar. Eg hadde rett og ho var overvelda. Av og til ser sjukepleiarar ut som sjukepleiarar. Heldig giss = stor siger. Eg gløda.

Eg berre susa gjennom resten av kvelden. Standardfrasene fekk dei på kroken og så byrja eg å gissa basert på observasjonar og deira reaksjonar. Ein person skreiv på eit responskort at eg var ein utmerka nyinstallasjon og ganske så fantastisk. To stykke fekk faktisk tilkalla manageren for å fortelja han at eg visste ting eg ikkje hadde nokon mogelegheit til å kunne vita.

Jamy, som lurte rundt i bakgrunnen, såg på meg medan eg gjorde ei lesing på ein mann som fyrst var skeptisk. Eg dundra inn i han for fulle muggar. Kvifor skulle ein mann, omgitt kone og to vener som alle terga han, setta seg ned ved bordet mitt? Spørsmålet hans kjem ikkje til å handla om noko seksuelt (kona hans veit enten alt allereie, eller så vil han ikkje at ho skal vita, kvifor skulle han utfordra skjebnen?). Mannfolk, generelt sett, sette seg ikkje ned for å gjera ei lesing frivillig, så eg tenkte at eit eller anna låg tungt på han. Eg gav han opningsspelet, medan eg kikka etter det kortet som skulle representera han. Det neste kortet eg snudde, la eg handa mi på som om eg mottok noko frå det. Så såg eg han rett i auga og sa: «Du har draumar og planar som verkar urealistiske på deg. Du freistar å gjennomføra dei og du er redd.» Så sveiparen: «Betyr dette noko for deg?»

Sjølvsagt gjorde det det. Han var heilt opplagt enten i gong med å slutta i jobben og starta sitt eiget selskap, i gong med noko stort som han alltid har hatt lyst til å gjera, eller noko sånt… Eg visste at det måtte ha noko med arbeidet hans og eit større trekk han vurderte. Det er det einaste ufarlege spørsmål han hadde opent for seg framføre venene sine. Eg gav han det der «du er redd», fordi eg visste det ville gje han ubehag og skremma han til å tru at eg kom til å seia noko privat framfor alle saman. Eg hadde ein treff. (Kona hans blei heilt vill og smekte han på armen og slik gav meg alle dei signala eg trengde). Eg hadde verkeleg hans fulle merksemd. Ansiktet hans skjulte ikkje lenger noko for meg og resten av lesinga var ein leik. Jamy følgde etter han ut (jada, eg hadde blitt ein svindlar og gjort vennene mine til spionar) og overhøyrte han fortelja til kona si at vanlegvis var desse lesingane berre generealitetar, men at denne dama her var annleis.

Vondskapsfull Kvinne

No var eg blitt vondskapsfull. All skodespelarpraksisen lønte seg. Eg vart skikkeleg god. Skikkeleg raskt. Eg var i byrjinga berre OK, men på slutten av kvelden spruta kvinnetårer over meg. Eg byrja med å fortelja ho standardfrasen, «det finnes ubrukte mogelegheitar som du enno kan få brukt». Ho sa, «som kva då?» Eg sa, «eit eller anna du gjere aleine, ein slags oppgåve av ein eller annan sort». Noko ho svara på, «det er ikkje ei oppgåve, det er eit søk.». Vel, kva søker ei kvinne seint i trettiåra for? Enten er det eit barn ho fekk adoptert vekk, eller ein eller annan slektning, sant? Hipp som happ, eg snudde over eit kort og sa, «det er ein gut», og satsa på at ho hadde adoptert vekk eit barn. Ho byrja gråta og nikka. I mellomtida snudde eg to knektar og spurte, «kven er dei to mennene?», medan eg tenkte som så at einkvar har to menn i livet sitt og at ho kom til å definera dei for meg. Opplagt nok så gråt ho, og sa, «mann min og halvbroren eg leitar etter.» Vel, på det tidspunktet visste eg at eg hadde teke feil, men for ho så hadde eg treft innertiar. Ho vil for alltid hugsa at eg såg at ho leitte etter halvbror sin.

So, kva kunne eg gjera? Ho ville vita om eg kunne sjå han, og eg fortalte at eg kunne ikkje få nokon kontakt med han fordi ho ikkje kjente han og all mine syner kom gjennom ho. (Eg hadde her klart gått for langt, men eg kunne ikkje tilstå og laga oppstyr ein plass der dei gjorde meg ein teneste ved å lata meg øva meg.) Så eg fann ut at det einaste rette eg kunne gjera her var å gje ho eit godt råd. Så eg sa, «søket ditt er ei god sak, og du kan halda fram med det, men du må hugsa kva som er viktigast, nemleg dine barn, din mann og heimen din.» Eg freista å gje ho litt oppmuntring, men let ho og vita at ho ikkje burde bli for oppteken med eit spanande søk etter ein forsvunnen person, eit søk som kunne komma til å øydeleggja heimen hennar.

Skap Din Eigen Magi

Heile kvelden var slik som dette. Eg freista å avslutta kva lesing med greier som: «Du har bra instinkt. Stol på deg sjølv. Du kan skapa din eigen magi.» Desse orda peika i det minste til litt ansvar for seg sjølv. Du kan ikkje tru kor lett det var å få dette til å verka. Eg gjorde ei veke med førebuingar og fekk folk til å tru eg kunne «sjå». Man. It freaked me out. (overs. anm: californication, kan vanskeleg oversetjast. «Hei. Eg flippa heilt ut.??!»). Eg måtte stadig ta pausar og sitta for meg sjølv for å få orden på sinnet mitt.

Folk vil så gjerne høyra fine ting om seg sjølv. Det er alt. Fortel dei kva dei vil høyra. Prøv nokre giss og berre gå vidare om du bommar. Eg fekk nokre store bommar som held på å kverka meg. I eit tilfelle så snudde eg eit kort med ei dronning der ein katt sit ved beina hennar. Så eg tenkte, skitt la gå, og spurte: «Har du katt?» Kvinna svarte: «Nei.» «Har ein ven eller nokon du kjenner katt?» «Nei.» (Kva er sjansane for det, hæ?) «OK», sa eg, «hugs det…» og så gjekk eg vidare. På slutten av lesinga så sa eg overlegent, «om ein to vekers tid, om ein katt dukkar opp, tenk på meg, OK?»

Eg krever meir av Penn & Teller, fordi eg har ekte evner.

Synske helsingar,
Spurina

Andre del: The Taping – Opptaket

Det er på slutten av dagen. Vi avslutta filminga i dag, og eg føler meg litt rar akkurat no, men eg treng å få dette her ut. Kva eg gjorde i dag var ein av dei tøffaste tinga eg har gjort nokon sinne. Eg vonar det eg gjorde i dag var rett, men eg veit ikkje. Eg græt medan eg skriv dette her, så eg trur ikkje eg har særleg til dømekraft rett no.

Vi sette opp filmlokaliteten med ei falsk boksignering, med plakatar, kamera, ein regissør og mange produksjonsfolk rundt om. Eg vart presentert som synsk. Den fyrste «boka» og det første skiltet hadde mitt namn på seg, og sa at eg var ein tarotkortlesar. Eg var kledd litt utspjåka, men ingenting eingong i nærleiken av det eg hadde den kvelden på Cæsars. Eg var ein ekte person. Det var mitt namn der på tavla. Ein for ein las eg folks kort eller hender, eller heldt eit objekt og «snakka med dei daude». Eg gjorde eit par «treff», jobba innafor dei standarsvara vi hadde førebudd og så spurte eg dei på kamera korleis det hadde gått. Eg spurte dei både kor passande lesinga hadde vore, og kor mykje ho hadde passa for dei. Dei meinte alle det hadde gått bra, og så bad eg om at kamera skulle bli skrudd av.

«Eg er ikkje synsk»

På det tidspunktet, i kvart tilfelle, tok eg tak i handa deira og forklarte nøyaktig kva som nettopp hadde skjedd. Eg såg dei rett i auga og fortalte alt. Eg sa: «Kva du no har opplevd er kalla ei kald lesing. Eg er ikkje på nokon måte synsk. Teknikkane eg brukte på deg er teknikkar alle synske brukar. Det er ein psykologisk profil som vi alle responderar på. Du er ikkje aleine. Eg har sagt akkurat det same til alle dei desse andre folka og dei syntes lesinga passa bra og.» I enkelte tilfelle hadde filmlaget mitt gjeve meg informasjon, og eg innrømte dette med.

Kva du ikkje kan vita før du har gjort det, er at når du les nokon, så stolar dei på deg. Dei opnar seg opp for deg, og du fortel dei behagelege ting om dei sjølve. Av og til fortel dei om svært private håp og draumar. Dette skjedde fleire gonger i dag. Så måtte eg konfrontera dei med at eg hadde loge for dei. Det var den tøffaste tingen eg nokon gong hadde måtte gjera.

Eg var suksessrik i å gjera Van Praagh. Eg overtydde ein man om at eg var i kontakt med hans avdøde mor som han hadde hjelpt stella. Den fyrste dama eg gjorde græt, og vi kan ikkje bruka det i eit TV program. Ekte tårer er ikkje passande i eit komedieinnslag. Den andre mannen var eg i stand til å halda positiv og det fungerte bra. I dei to tilfella der slik type lesing vart prøvd, tok eg ein spasertur med personen og verkeleg snakka med dei ei lang stund. Begge gongene gråt eg. Eg sa: «Eg skal fortelja deg noko du ikkje vil lika, og eg likar ikkje å fortelja deg det. Kva som har nettopp skjedd var ikkje noko overnaturleg i det heile. Eg er ikkje synsk og kontakta ikkje din avdøde slektning. Kva eg gjorde var kald lesing. Alt eg sa til deg er informasjon vi alle har etter at vi har mista nokon. Eg mista Besta mi i fjor. Etter å ha sett alle desse folka utnytta sorga, bestemte eg meg for å slå attende. Dette er min måte å gjera det på.»

Eg får in ein «M»

Eg sa til han som hadde mista mor si: «For meg er det ei fornærming mot dine minner at nokon fortel deg at du treng å snakka med mor di. Eg har alltid trudd at dersom det finnes ei «andre side», så vil Besta gjera alt for å kom i kontakt med meg og snakka med meg. Ho ville ikkje trenga å gå gjennom ein eller annan idiot som ikkje kan komma opp med noko meir substansielt enn «eg får inn ein M». Du har mor di med deg i bilete og minner som er viktige for deg. Eg fortel deg dette fordi du verkar som ein skikkeleg kar. Du har humor og er triveleg, og dette veit eg berre frå våre små samtalar før og etter lesinga. Dette er kva mor di har lete vera att her til alles oppleving og glede. Du er ein del av ho, og dykkar samhald er ein fantastisk arv. Eg treng ikkje vera synsk for å vita alt det der. Eg er berre eit menneske som er ærleg med deg om det eg ser.» Vi var innom andre ting, men dette dekker stort sett kva eg snakka om. Vi græt og klemde kvarandre. Eg takka han for å vera ein del av dette og hjelpa meg i min kamp.

No her er den forunderlege delen: Alle mine «samtalar» var vanskelege. Nokre ikkje så ille, men andre var som desse ovanfor. Eg visste ikkje då eg starta i dag tidleg korleis folk ville reagera. Mannen frå samtalen ovanfor fortalde meg at dette var det beste som hadde hendt han heile dagen. Han klemde meg og fortalde meg kva for ein spesiell person eg var som fortalde sanninga. Han introduserte kjæresten sin for meg og gjekk sin veg medan han fortalde alle kor flott ei dame eg var, og kor glad eg hadde gjort han. Ei bestemor tok med seg heile familien og lo når eg forklarte korleis eg hadde gissa mannen på ektemannen hennar. Nesten alle var fantastisk glade og resten var heilt OK og litt underheldt.

Å ta vekk voodooen

Eg trur eg tilslutt har funne svaret til dei som seier at skeptisisme tar gleda ut av livet, at du treng Gud for å erfara moralitet, og at utan han er alt berre hjartelaus eksistens. Folk var glade for å få snakka. Dei ville faktisk berre ha nokon til å lytta til deira problem, eller dela håp og draumar. Dei ville gjenoppleva morosame historier om nokre kjære dei hadde mista eller berre sitta der og minnast dei høgt med nokon. Då eg tok vekk voodooen, svann ikkje det faktum at vi hadde delt noko. Der er all gleda du treng i menneskeleg samkvem. Eg gjorde meg verkeleg flid med å gje kvar person, i mangel av eit betre uttrykk, ein del av meg. Eg følte eg hadde tatt vekk noko falskt og eg trengde å erstatta det med noko ekte. Menneskeleg kontakt, menneskeleg omtanke, menneskeleg samkvem.

Eg trur det verka. Som eg sa, eg veit ikkje. Eg tenker ikkje heilt beint no. Kanskje nokon gjekk heim og følte seg lurt og brukt, men på den andre sida, kanskje ikkje. Eg veit ikkje om eg endra på kva folk trur, men eg trur eg fekk dei til å stoppa opp for ein augeblenk og opna auga sine. Vonleg, om eg berre fekk dei til å lika meg, så vil dei hugsa at dei likte meg og at eg følte at dette var viktig nok til å gå ut og spreia sanninga om det som er ekte. Kanskje det vil få dei til å tenka, og så vil dei endra meining eller kanskje bli litt meir skeptisk neste gong. Kven veit?

Så det var det. No skal eg gå nedunder, sjå ein film med gode vener og gje karen min ein klem. Du må elska å leva, kjære.

Oversatt av Torgeir Holen. Gjengitt med tillatelse fra Swift.